Guro (21 år), Bergen

06.01.2020

Mine fag:

Norsk - Kunnskapsløftet Historie Vg2/Vg3 Matematikk R1 - kunnskapsløftet Matematikk R2 - kunnskapsløftet Kjemi 2 kunnskapsløftet
Med ynskje om forbetringar i fleire fag for å koma inn på veterinærstudiet, var planen å ta fag som privatist hausten 2019. Vener tipsa meg om ASK og eg fann ut at det passa ypparleg for meg! Eg vart så fornøgd at eg tek nye fag framover. Med tanke på mengda fag eg skulle ta, hadde eg behov for støtte frå lånakassen og ein studiekvardag utan obligatorisk oppmøte slik at det er faga som kjem i hovudfokus. På ASK fekk eg styre studiekvardagen min sjølv, i tillegg til å kunne gå fram i mitt eige tempo, følgje undervisninga nøye opp og teste kunnskapen min undervegs. Dette passa fint saman med ein hektisk kvardag der studietida er fleksibel mellom arbeid, aktivitetar og reise. Når undervisninga føregår på internett har eg kunna tatt med meg skulen dit eg vil, og ikkje omvendt. Det har blitt mange timar på bibliotek, lesesal, ferje, café og heime. Gjennom ASK har eg ikkje berre lært svært mykje fagleg, men også om studiestruktur og mestringkjensle. Dette har eg oppnådd gjennom nøyaktige og detaljerte tilbakemeldingar på innleveringar, gode undervisningsvideoar og eit brukarvennleg opplegg. Lærarane er engasjerte, fagleg og pedagogisk dyktige. Dette hjelpte meg til å klare måla minel, og det var ikkje sjeldan eit svar på eit spørsmål tikka inn på ein ettermiddag eller i ei helg. Motiverande! Mitt tips til alle privatistar er å finne eit opplegg som passar for deg, nytte dei hjelpemidla ein kan og jobbe strukturert fram mot måla dine. Varme oppmodingar til å prøve ASK, kanskje det er din måte å jobbe på? Lykke til!
Les min historie
Tilbake

Min historie