Catrin, 18 år

Publisert: 23.03.2026

Studerer:
Biologi 2 mini

Eg har ein liten draum om å studere medisin, men har så mange interesser at eg enno er litt usikker på kva eg kjem til å ende opp med å velje!

Eg tok Biologi 1 i vg2, og forelska meg heilt i faget. Når eg skulle velje fag for vg3 ønskte eg å velje Biologi 2, men skulen min kunne ikkje tilby faget, og eg bestemte meg då for å prøve å ta faget sjølv som privatist ved hjelp av ASK😊

Catrin sine fag: 

Biologi 2 mini

Får dei viktigaste poenga

Eg syntes videoundervisninga fungerte veldig godt. Eg leste sidene i læreboka som var føreslått, og fekk gjennom videoane ei god oppsummering av dei viktigaste poenga. For meg fungerte denne forma for undervisning veldig godt. Det var også veldig praktisk at videoane var såpass korte og komprimerte, ettersom eg då kunne dele opp arbeidet i mindre bolkar. Dette gjorde det lettare å setje seg ned å arbeide, om det så berre var «litt».

Eg har brukt tankekarta og quiz-oppgåvene for å repetere materialet, og få ei forståing av kva som var viktigast og mest sentralt. Det viktigaste for meg var eigentleg å få jobba gjennom dei føreslegne oppgåvene. Det var veldig nyttig å kunne luke ut oppgåver som ikkje var «nødvendige» å jobbe gjennom, ettersom det er umogleg å skulle gjere alle oppgåvene i boka.

Elev på vgs og privatist

Eg brukte studieplanleggjaren som eit slags rettleiande forslag. For meg fungerte den som tryggleik, ein måte å forsikre meg om at eg låg omtrent der eg burde vere i lesinga. Eg tilpassa progresjonen etter eige behov, ettersom eg enno går på vidaregåande og hadde prøver og oppgåver i andre fag. 

"Eg fekk karakter 6 på både munnleg og skriftleg privatisteksamen i Biologi 2."

Ettersom eg enno går på vidaregåande, måtte eg finne tid til å studere mellom prøver og innleveringar i andre fag. På starten av semesteret brukte eg litt tid her og litt der, og hadde eigentleg ikkje noko fast struktur. Då satte eg av eigne dagar der eg jobba veldig intensivt. Omkring den siste månaden før eksamen, arbeida eg oftare og brukte meir tid enn eg hadde gjort. Eg passa på å være ferdig med alt av pensum 2 veker før skriftleg, slik at eg kunne bruke den siste tida på nødvendig repetisjon og gamle eksamensoppgåver.

Lærarane på ASK er veldig imøtekommande, og eg følte meg verkeleg sett når eg fekk hjelp. Var det noko eg ikkje forstod, tok dei seg tid til å forklare det slik at eg fekk ei heilheitleg forståing.

Eg syntest det var spesielt nyttig med prøvemunnleg. Det kjentest ut som ein munnleg tentamen, og eg fekk øva på å prate biologi til nokon andre enn meg sjølv og hundane mine:D Ikkje minst fekk eg god tilbakemelding på kva som var bra, men også kva eg kunne forbetre. Det er ein arbeidsmåte som eg likar veldig godt. 

Toppkarakter i Biologi 2

Det gjekk veldig bra på eksamen! Eg fekk karakter 6 på både munnleg og skriftleg privatisteksamen i Biologi 2. Eg syntest eksamen var fantastisk kjekt. Å få snakke fag, og kjenne at eg verkeleg kan det var ei veldig god kjensle. Men det kom absolutt ikkje av seg sjølv. Eg har brukt utruleg mange timar på å arbeide med faget, og leste frå perm til perm i ei anna lærebok før eg i det heile byrja med ASK. Eg jobba meg gjennom alle eksamensetta frå ny læreplan, og lagde disposisjonar for alle tema eg forventa å kunne få på munnleg eksamen. Desse kunne eg inn og ut, og når eg då fekk ubudd tema på eksamen kunne eg prate heilt fritt!

Det som kanskje var mest praktisk med nettundervisninga, var det å kunne ta med seg lesinga overalt. Eg kunne studere i fritimane på skulen, men eg kunne også studere i haustferien. Det var ein enorm fridom i det, og for meg funka det supert.