Brynjar, 18 år

Studerer:
Naturfag påbygg og Matematikk 2P-Y

Eg heiter Brynjar, og bur i ein liten kommune i Vestland fylke som heiter Vik. I tillegg til å ta påbygg gjennom ASK er eg lærling som energimontør. Dette gjer at ein vanleg dag for meg er å reise på jobb først på dagen fram til tre. Etterpå reise eg på trening og deretter heim for å jobbe med skule og gjere andre ting som eg ønskjer. Som for eksempel spele og være med venar. Utdanningsdrømmen min akkurat nå er å ta fagbrev som energimontør, og får sjå kva eg ønskje å gjere etter dette. 

Brynjars fag: 

Naturfag Påbygg, Matematikk 2P-Y

Eit år spart 

- Eg har alltid likt praktisk arbeid, men er også flink teoretisk. Grunnen eg valde å ta fag som privatist gjennom ASK, var fordi eg ønskjer å ha alle vegar opne dersom eg ein gang seinare i livet ønskjer å utdanne meg vidare eller lære noko heilt nytt. Påbygg har alltid vore noko som har vore snakka om i familien, men har vore vanskeleg på grunn av distansen mellom ein skule med påbygg og der eg bur. Då me fekk høyra om ASK gjennom ein ven av mora, vart det mykje lettare å velgje dette. ASK har gjort det mogleg for meg å ta utdanning slik at eg får generell studiekompetanse samt at eg tar fagbrevet som energimontør. Eg sparar også eit år med utdanning ved å gjere det på denne måten. 

Lett å lære

- Gjennom utdanninga mi på ASK får eg gode videoar og quizar om relevant tema, noko som gjer utdanninga lett og interessant. Det er også kjekt å ha moglegheita til å prate med andre elevar og lærarar dersom ein lurer på noko om tema, slik at ein får eit betre forståing av faget.

- Hausten 2023 tok eg fagene Matematikk 2P-Y og Naturfag påbygg samtidig på eit semester, med då ein samla studiebelastning på 54%. Studieplanleggaren hjalp meg ved å gi med fristar på når eg burde være ferdig med dei ulike faga, kor eg jobba meg opp mot fristane til eksamensdato. Dette gjorde at då eg var ferdig med begge faga hadde eg ei veka igjen, noko som eg nytta til å pugge og sjå gjennom tidlegare notat.

"Det er også kjekt å ha moglegheita til å prate med andre elevar og lærarar dersom ein lurer på noko om tema, slik at ein får eit betre forståing av faget."

Slik jobba eg

- For å komme meg gjennom pensum jobba eg 1-3 timer kvar dag frå mandag til fredag. I tillegg for å gjere det lettare for meg, tok eg berre eit og eit fag i slengen og bytta fag då eg kom til ei innlevering. Dette fungerte veldig bra for meg, kor eg fekk pauser innimellom faga noko som gjorde det å komme tilbake etter ei stund lettare og eg lærte ting raskare. Innleveringane har vore veldig hjelpsame. Dei har vist meg noko om korleis ein eksamen kan sjå ut slik at eg ikkje kom inn i eksamenslokalet uforbredt. Dette både for dei skriftelege men også den muntlige delen. Tilbakemeldingane på faget har vore veldig hjelpsame kor dei forteljer deg kva ein manglar og kva ein kan. Når eg skulle pugge gjennom pensumet vart desse tilbakemeldingane svært hjelpsame. 

Utdanninga mi gjennom ASK synest eg har vore veldig kjekt og interessant. Det har vore kjekt å lært stoffet og eg er veldig nøgd med korleis eksamen gjekk, kor det kunne ikkje blitt bedre. ASK gjorde at eg var godt forbredt og kompetent til å svare på spørsmåla eg fekk. Eg er veldig nøgd med ASK si utdanning og vil anbefale dette til alle.